– All grunn til å vere stolt av skulepolitikken til regjeringa

– Eg er stolt av at mellom tre og fire gonger fleire lærarar har fått etterutdanning etter at vi kom i regjering, seier leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Rise. Han meiner Hallvar Tjora ikkje treff med kritikken mot regjeringa.